På plass i York

Hei! 
No begynne eg endelig å komme meg litt på plass etter to lange daga. Dagen i går begynte med taxi kl 05:40 sida bybana utover mot Flesland ikkje begynne å gå før etter kl 6... Etter ein rolig start på Flesland blei det hakket meir hektisk på Gardermoen der det viste seg at flyet hadde parkert på utland, så vi måtte ta shuttlebuss til ankomst- og transferavdelingane. Ettersom eg berre hadde 55 min før neste fly gikk, blei eg ein smule småstressa, men ein rask gåtur seinare va eg framme på gaten der flyet til Manchester gikk fra akkurat i tide til boarding. Vi landa i Manchester ca 10:15 og eg hadde fått bagasjen min og komt meg fint gjennom immigration til kl 10:40, så da va det berre å vente på bussen fra universitetet som skulle gå 14:30. Ventetida va ikkje av dei mest spennande, og gikk ganske sakte, særlig fordi bussen vi skulle ta stod fast i trafikken og kom derfor 30 min for seint. Kl 15:10 va vi endelig på veg til York! Turen tok ca 2 timar, og ein del av tida gjekk med til å ta igjen litt søvn. Da vi kom fram til universitetet blei vi møtt av et team som ga oss informasjon om den kommande veka, og vi fekk utdelt nøklar og informasjon om plassen vi skulle bu på. Vi fekk og skyss til området vi skulle bu på, men på grunn av mykje folk og derfor lang ventetid, va vi ein gjeng som gjekk på butikken og fekk handla oss litt mat. Da eg endelig kom meg inn i huset eg skal bu i, fant eg ut at eg va den einaste som va komt! Så da va det berre å få på sengetøy og komme seg i seng. Ved hjelp av mitt kjære gopro-kamera har eg laga ein liten film fra dagen!

 


 

I dag var første gjeremål å pakke ut. Etter ein rolig morgen med å tømme koffertane, henge opp bilder og ete frokost, gjekk eg meg ein tur til byen for å handle litt kjøkkenutstyr og prøve å bli bedre kjent med området. Etter ein god vandretur og eit par timar avslapping kom det fleire i hus, og eg fekk prata med dei eg skal bu med dette året! Kvelden blei avslutta med middag ute. I måro starta dagen kl 09:00, og da e vi offisielt i gang med semesteret!


- Torunn

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Torunn Skrede

Torunn Skrede

22, Balestrand

Hei! Eg e denna høsten på utveksling i York og vil gjerne dele den opplevelsen med deg! Her skrive eg om kvardagen, studiane og livet ellers i York.

Kategorier

Arkiv

hits